A-Døra
Dette er ei varmeisolert og tett utvendig dør. Døra er spesialtilpassa driftsbygningar der den kjem i kontakt med dyra, oftast frå husdyrrom og ut. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykkspylar. Den tåler spark og hardhendt «handsaming» frå dyra. Døra eignar seg godt også til verksted, lager – der det trengst ei solid dør. Døra har treterskel og tetningsvridar som standard.
Denne døra kan også leverast med stålterskel, slepebørste og med glas. Om dyra skal gå inntil kan vi levere døra med hylsevridar på innsida for lausdrift. Og dersom du ønsker å låse døra kan den fresast for låskasse.
A-døra kan leverast i forskjellige utførelsar:
- Filmbelagt brun (AJB)
- Filmbelagt kvit (AJK)
- Filmbelagt grå (AJG)
Sporfrest dekor i forskjellige mønster eks FB-dekor, X-dekor, Z-dekor. APJ-døra er produsert i ubehandla Bjørkefiner, denne må behandlast før ein tek døra i bruk.
APK og APG er produsert i Tricoya ekstremplater, desse er ferdig malt i standard farge kvit eller lys grå, som er standardfargane. Vi kan male i andre NCS fargar dersom ønskeleg.
D-Døra
D-døra er ei varmeisolert og tett utvendig dør. Døra vert nytta som personinngang til gang eller sluse. Døra eignar seg også godt til lager, reiskapshus og liknande. I tillegg til dette brukast denne døra mellom fjøs og gang, frå robot til kontor/gang eller andre plasseringar, der det er behov for god tetning. Denne døra er frest for låskasse, og vert levert med treterskel som standard.
Denne døra kan spylast med høgtrykkspylar og er lett å halde rein. Døra kan leverast med stålterskel, slepebørste og med glas.
D-døra kan leverast i forskjellige utførelsar:
- Filmbelagt brun (DJB)
- Filmbelagt kvit (DJK)
- Filmbelagt grå (DJG)
Sporfrest dekor i forskjellige mønster eks FB-dekor, X-dekor, Z-dekor. DPJ-døra er produsert i ubehandla Bjørkefiner, denne må behandlast før ein tek døra i bruk.
DPK og DPG er produsert i Tricoya ekstremplater, desse er ferdig malt i standard farge kvit eller lys grå, som er standardfargane. Vi kan male i andre NCS fargar dersom ønskeleg.
C-Døra
Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, til innvendige veggar frå gang, mjølkerom, dusj, kontor og garderobe. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykkspylar. Låskasse 2014 og varmgalvaniserte hengslar med messingknapp. Dette er ei innvendig dør utan pakning. Dørvridar vert levert som tilleggsutstyr, samt luftespalte i treterskel til dusj/garderobe.
C-døra kan leverast i forskjellige utførelsar:
- Filmbelagt brun (CJB)
- Filmbelagt kvit (CJK)
- Filmbelagt grå (CJG)

PVC-dører
PVC-dørene vert levert i PVC med stålkjerne, og dei er blyfrie. Dørene har solide justerbare hengslar, både høgde og sideveis. Dørene er utstyrt med 3 punkts espagnolettlåsing for å oppnå god tetting. Passar perfekt også i vêrutsatte strøk. Anbefalt vedlikehald er kun reingjering med klut og såpevatn og litt olje på hengsler og espagnolett. PVC-døra vert levert forbora for monteringshylser, noko som gjer monteringsarbeidet enklare.
Vi leverer desse i 1-fløya, 1,5-fløya og 2-fløya dører, både med og utan glass. Den blir levert som standar kvit, men kan også produserast i andre fargar tilnærma RAL. Denne døra eignar seg godt til personalinngang. NB! Døra må ikkje brukast der storfe går inn og ut.
A-60 Branndør
Dette er ei solid og trygg løysing utvikla for å oppfylla strenge krav til brannmotstand i tekniske installasjonar og anlegg. Ho er særleg godt eigna til bruk i tekniske rom, der det er avgjerande å sikre mot brannspreiing. Dersom døra vert plassert i nærleiken av dyrerom eller andre miljø med høg luftfukt og påverknad frå korroderande stoff, tilrår vi at ho vert levert i galvanisert og pulverlakkert utføring. Dette gir ekstra vern mot rust og slit, og forlenger døra si levetid.
A-60 branndøra kan leverast som 1-fløya, 1,5-fløya eller 2-fløya variant, avhengig av behov og plassforhold. Ho kombinerer funksjonalitet med høg sikkerheit, og er eit påliteleg val for profesjonelle installasjonar der brannsikring står i fokus.
Port
Portane er utvikla med tanke på isolerte rom. Portane er nytta i gavl inntil stallefjøs, der den fungerer meir som ein isolert vegg enn port. Portane eignar seg også godt til reiskapshus, garasje o.l der det er behov for ein stor, isolert port. Portane vert produsert etter bestilling i den størrelsen det er behov for. Største storleik er 299×299.
Tett port vert kalla RUJ og port med dør RMJ. Portane vert levert med stålterskel og espagnolett.
